mandag 6. juli 2009

Politikk – provoserande påstandar

Det kan verke som ei umuleg oppgåve å telje kor mange parti det er som prøver å briljere i den norske politikken. Noko av grunnen til dette kan vere at alle partia står for så utruleg mykje forskjellig. Nokre prioriterer pengar, popularitet og pingpong, mens andre er mest opptatt av sekter, spåkoner og… sekretæren. Men kven skal ein eigentleg halde med i denne jungelen av moglegheiter?

Då stemmane var talde etter valet i 2005, kunne Framstegspartiet gråte seg i svevn etter at vinnarane, Arbeidarpartiet, slo dei med over 300 000 stemmar. Eg syntest dette var moro. Ikkje det at eg var verken interessert i politikk eller gamal nok til å vere det, men som eit monaleg medlem av min familie, vart eg i svært tidleg alder fortalt at partiet med ordet framsteg i namnet, ikkje eigentleg var så framtidsretta. Dei raud-grøne partia, derimot; det var dei ein skulle satse på, og det har eg tenkt å gjere. Dessutan kan ein ikkje stemme på eit parti som over ein lengre periode hadde ein partileiar med ei kone som var innehavar av Noreg sitt største hår.

Som du sikkert har forstått, er det ikkje akkurat Framstegspartiet som er min favoritt, og i likskap med ein del andre menneske, og Martin Kolberg, har eg ytt nokre krefter og litt tid på å irritere meg over partiet som lever på umoglege løfte og slagordet ”for folk flest”. Slagordet er jo rimeleg korrekt. Partiet er jo i eit parti for alle, såframt dei er norske, heterofile menneske.

I dei siste tre åra har vi høyrt skremmande mykje om Framstegspartiet. Dei har allereie gjort greie for det meste dei vil gjere annleis, eller som dei seier det: Forbetre, i det norske samfunnet. Kjem dei til makta, vil dei nemleg redusere skattane som folk flest betalar, noko som vil resultere i at det blir mindre pengar til offentlige tenester som sjukehus og skule. Blir ein da sjuk, må ein rekne med å stå på eigne bein, sjølv om ein kanskje ikkje lengre har nokon.

Men tilbake til at Framstegspartiet reklamerer for kva dei skal gjere om, eller som dei seier det: Når, dei kjem til makta. Sida dei gjer dette, er motstandarane deira travelt oppteken med å fortelje om kva som kjem til å skje om dei får den.

Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, som er to særs respektable alternativ i den norske politikken, danna ein koalisjon saman med Senterpartiet før valet i 2005. Dermed slo dei Framstegspartiet med nokre få stemmar, noko som ikkje akkurat er ein stor bragd då sistenemnte ikkje samarbeidde med andre parti. Come on, Noreg si befolkning; vakn opp! Desse skumle tendensane kan ikkje halde fram.

lørdag 28. februar 2009

Stem for framtida - stem for folket!

Som representant for den yngre garde, altså den delen av befolkningen som er foruten stemmerett, vil jeg stille meg svært kritisk til det faktum at Fremskrittspartiet ser ut til å få fornyet kraft fram til Stortingsvalget i september. Selv om tvilen overgår troen på at det liberalistiske partiet noen gang kommer til makten, syns jeg denne utviklingen er meget urovekkende. Til tross for at vi, til dags dato, tilhører verdens beste land å bo i, vil et såpass overlegent kapitaltistisk parti hindre Norge som velferdsstat i å utvikle seg til det bedre - for; ja, det er mulig.

Kommer Fremskrittspartiet til makta vil viktige velferdsgoder som trygder og pensjoner, helsevesen og utdanning etc. stadig reduseres i kvalitet. Er det riktig at de rike skal bli rikere, mens Ola Nordmann må kjempe for å kunne overleve i sitt eget statsborgerskap..?